Klassisk påske

I skudeneshavn

22. – 24. mars 2024

Fredag 22.03. går startsskòtet for «Klassisk Påske i Skudeneshavn», første konsert finn stad i Falnes kyrkje kl. 19.30. Vår samarbeidspartner Munor (Musikkselskapet Nordvegen), med sine eminente musikarar; Almuth Chylek (fiolin), Tobias Tellmann (cello) og Marina Johansson (piano), speler kammermusikk av Schumann, Hindemith og Amargós. Med seg har dei fyrverkeriet Miguel Pérez Iñesta på klarinett.

Laurdag 23.03 startar me opp kl.14.00 med intimkonsert på Det Klassiske Hjørnet i Søragadå 21 med Rose Elin Austad Nes på fløyte og Hans Petter Tangen på klaver. Rose er fødd på Karmøy og speler til dagleg i «Det norske Blåseensemble» i Halden. Hans Petter er allereide ein rutinert og ofte nytta pianist, òg frå Karmøy. Han er tilsett som pianist og universitetslektor ved Universitetet i Stavanger. Dei speler eit variert program frå fløyterepertoaret, med verk av m.a. Bach, Chaminade og Ian Clarke.

Allereide kl.18.00 same dag er det duka for ny konsert på Skudenes Mekaniske verksted. Det blir eit musikalsk talkshow, der kammermusikkbli smelta saman med vokale høgdepunkt frå konsertsal og scene. Medverkande er Rose Elin Austad Nes (fløyte) og Hans Petter Tangen (klaver). Den vokale delen blir ivaretatt av Magne Fremmerlid(bass) og Kjell Magnus Sandve (tenor), begge tidlegare tilsette ved Den Norske Opera & Ballett; dei har medverka i utallige konsert- og operaproduksjonar i inn- og utland. Me vil få høyra høgdepunkt frå eit rikhaldig repertoar innan opera / operette / musikal / lied og romanse. Dørene opnar kl 17:30, sal av drikke før konserten og i pausen. (Me minner om 18-årsgrensa knytta til kommunens ambulerande skjenkebevillingar.)

Sundag 24.03 kl.11.00 er det gudsteneste i Falnes kyrkje; her vil me få musikalske innslag av Magne Fremmerlid.

Me ynskjer dykk alle velkomen til ein flott festival!

Festivalkommitéen:
Kjell Magnus Sandve (kunstnarleg leiar), Erling Dahl jr., Solveig Hamre Johannessen, Ragnhild Midbøe, Ståle Vikre og Lars Inge Tjøstheim.